Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vi har ledig 60% stilling som pedagogisk leiar ved Giske barnehage frå 21.12.2026 til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging.
Barnehagen har fire avdelingar med omlag 65 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur. Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor.
Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Menn blir oppmoda om å søkje.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for å planlegge, gjennomføre og utvikle prosjekt i tråd med barnehagen sin årsplan og rammeplanen.
Ansvar for å leie og rettleie personalet.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærarutdanning.
Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk.
God digital kompetanse.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar.
Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel.
Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing.
Løysings- og utviklingsorientert, og innstilt på tverrfagleg samarbeid.
Vi tilbyr
Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø.
Fokus på tverrfagleg samarbeid.
Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde.
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår og konkurransedyktig løn.
Kontaktinformasjon
Elias Martinus Valderhaug, einingsleiar, +47 91313027
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
barnehage
kindergarten
praksis
practice / internship
ansvar
responsibility
omsorg
care
ledig
vacant
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.