Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Giske skule og SFO frå snarast til 31.07.2027.
Giske skule er ein 1 – 7 skule med 84 elevar. Rundt 25 av desse går på SFO.
Visjonen vår er «Ein god stad å vekse» - Vi samarbeidar, vi undrar oss, vi utviklar oss og vi er rause. Giske skule har fokus på praktisk, variert og aktiv læring, mellom anna gjennom uteskule, leik og fysisk aktivitet. Lesing, skriveglede og bruk av skulebiblioteket er viktige delar av arbeidet med å skape lærelyst og gode læringssituasjonar.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Menn blir oppfordra til å søkje. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
Leike, lære og utforske i lag med barn, både inne og ute.
Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik.
Samarbeide tett og godt med barn, føresette og kollegaer.
Støtte og hjelpe elevar med ulike behov for meistring av skulekvardagen.
Hjelpe til med praktiske oppgåver i samband med skulekvardagen.
Kvalifikasjonar
Vi ønsker helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje.
Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
Vere trygg i konflikthandtering.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
fleksibel
flexible
vikariat
temporary cover (substitute)
erfaring
experience
fagbrev
trade certificate (vocational)
praksis
practice / internship
ansvar
responsibility
ledig
vacant
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Barne- og ungdomsarbeider ved Giske skule og SFO, Barne- og ungdomsarbeider ved Giske skule og SFO jobs, Barne- og ungdomsarbeider ved Giske skule og SFO Giske, jobs in Giske, Giske kommune jobs, Utdanning jobs Norway, stillinger Giske