Original text in Norwegian, as published by the employer.
Er du interessert i grensesnittet mellom politikk og administrasjon?
Politisk sekretariat speler ei sentral rolle i å leggja til rette for politiske prosessar og avgjerder, og koordinerer samarbeidet mellom administrasjonen og dei folkevalde. Me søkjer no ein dyktig og engasjert fagansvarleg som kan videreutvikla dette arbeidet.
Me treng deg som er utviklingsorientert og kan sjå på fagfeltet med nytt blikk. Som fagansvarleg i politisk sekretariat vil du jobba tett med både kommunedirektør, kommunalsjefar, ordførar og politikarar. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar kvalitetsutvikling, saksbehandling, administrering av politiske møte, ansvar for digitale løysingar og valgjennomføring . Du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å styrkja lokaldemokratiet i kommunen.
Me søkjer deg som er samfunnsengasjert, som kan handtera eit breitt fagfelt, og som trivst i ein hektisk arbeidskvardag. Politisk sekretariat har to tilsette, og stillinga ligg i avdeling for kommunikasjon, politikk og næring. Kommunikasjonssjef er næraste leiar.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at politisk sekretariat er eit bindeledd mellom administrasjon og politikk, og sørge for gode arbeidsprosessar for dei folkevalde. Utvikle fagområdet. Valansvarleg. For- og etterarbeid i tilknyting til politiske møte, og gjennomføring av disse. Systemansvar og vidareutvikling av system og rutinar. Andre arbeidsoppgåver etter avtale med leiar.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på mastergradnivå. Gode IT-ferdigheiter og interesse for digitale løysingar. Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. God forståing for politiske prosessar og samfunnsspørsmål. Relevant erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt. Kjennskap til Public 360 er ein fordel. Ønskeleg med kjennskap til relevant lovverk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utanlandske attestar omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk. Me gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke òg kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
Er interessert i lokaldemokrati, spesielt grensesnittet mellom administrasjon og politikk. Ønsker å utvikle fagområdet og ser etter nye løysingar. Er ansvarsbevist, nøyaktig, effektiv, og har ein strukturert arbeidsform. Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet. Ønsker å yte god service.
Vi tilbyr
Me kan tilby ein arbeidsplass med gode kollegaer, i Plogen kulturhus og rådhus Kleppe sentrum. Du vil få ansvar, kunna arbeida sjølvstendig og få stor fagleg utvikling og spanande utfordringar. Du får fleksitid og lønn etter gjeldande tariff og lokal lønnspolitikk. Som kommunalt tilsett får du gode pensjons- og forsikringsordningar. Den politiske møteverksemda skjer hovudsakleg på ettermiddag- og kveldstid, så kveldsarbeid må påreknast. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar.
Referansenr.: 5204768692
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
fleksibel
flexible
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
engelsk
English
tariff
collective agreement scale
ansvar
responsibility
omsorg
care
norsk
Norwegian
lønn
salary / pay
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Fagleiar, Politisk sekretariat, Fagleiar, Politisk sekretariat jobs, Fagleiar, Politisk sekretariat Klepp, jobs in Klepp, Klepp kommune jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Klepp