Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du bidra til å utvikle morgondagens fagarbeidarar? Vi ser etter deg som liker å bygge gode relasjonar, ser moglegheiter og skaper smarte løysingar i samarbeid med andre
Hos oss får du ei meiningsfull stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag, der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæringa si og lykkast i arbeidslivet.
Gjennom arbeidet er du med på å sikre næringsliv og offentlege verksemder den kompetansen dei treng, både i dag og i framtida.
Arbeidsoppgåver
Fagopplæringssystemet er i endring der fullføringsreformen og store statlege satsingar på yrkesfag vil gi ei spennande utvikling framover. Vi treng deg som ser nye moglegheiter og utviklar arbeidsmåtar som styrker evna vår til å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Du vil arbeide med å vidareutvikle nettverk og samarbeid med skole og arbeidsliv, slik at du kan hjelpe oss med å bidra til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Ein viktig del av dette er å rettleie lærlingar, lærebedrifter og prøvenemnder, både i saksbehandling av enkeltsaker og i gjennomføring av kurs og samlingar.
Oppgåvene i stillinga kan bli endra.
Kvalifikasjonar
Vi søkar deg som har
høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad eller høgare yrkesfagleg utdanning med relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent og konsulent.
relevant erfaring, helst frå vidaregåande opplæring og/eller frå næringslivet i Møre og Romsdal
gjerne erfaring frå prosessarbeid eller prosjektutvikling
god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Vi vil også legge stor vekt på at du
er god på å kommunisere og skape relasjonar
kan samarbeide for å oppnå resultat
kan ta i bruk nye metodar og drive prosessar framover
tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
er komfortabel med å representere eksternt og halde presentasjonar/foredrag
Vi tilbyr
Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Vi kan tilby deg meiningsfullt arbeid, der du får bidra til at fleire ungdommar og vaksne får fullført utdanning på ein god måte. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.
Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.
Referansenr.: 5182409633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-06 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
pensjonsordning
pension scheme
søknadsfrist
application deadline
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
norsk
Norwegian
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Rådgivar opplæring i bedrift, Rådgivar opplæring i bedrift jobs, Rådgivar opplæring i bedrift Molde, jobs in Molde, Opplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommune jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Molde