Original text in Norwegian, as published by the employer.
I Vest politidistrikt, Geografisk driftseining Hordaland (GDE-H), er det ledige stillingar som politibetjent, både faste og moglege vikariat, på fleire av einingas politistasjonar. GDE-H består av politistasjonsdistrikta Hardanger, Kvinnherad, Bjørnafjorden med Austevoll, (skal flyttast til GDE Bergen frå 01.01.27), Kvam/Samnanger/Tysnes, Voss og Nordhordland med Masfjorden. Alle stillingane er grunnstillingar, kor alle er kombinerte stillingar der ein jobbar både med førebygging, etterforsking. etterretning og patrulje, og alle har ei vaktordning med bruk av beredskapsvakt. I denne utlysinga er det kun desse stasjonane som rekrutterar i grunnstillingar politi:
Hardanger: Hardanger politistasjonsdistrikt dekkjer Ullensvang kommune. Politistasjonen ligg i Odda. Me dekkjer mellom anna delar av Hardangervidda- og Folgefonna nasjonalpark. Stasjonen samarbeider tett med Kvinnherad og Voss politistasjon. Rv 13 og E 134 går gjennom distriktet vårt.
Kvinnherad: Kvinnherad politistasjonsdistrikt dekker Kvinnherad kommune med 13.200 innbyggjarar. Vi har mykje geografi frå sjø til fjell og isbre, som gir eit mangfald av frilufts moglegheiter. Politistasjonen ligg på Husnes som er den største tettstaden i kommunen, med bl.a. Hydro Husnes, handlesenter, skulesenter, m.v. Stasjonen samarbeider med Hardanger politistasjon, samt Sør-Vest PD som vi grensar til.
Kvam, Samnanger og Tysnes: Kvam, Samnanger og Tysnes politistasjonsdistrikt gjev polititenester for omlag 19.000 innbyggarar i kommunane Kvam, Samnanger og Tysnes samt gamle Fusa kommune i Bjørnafjorden og Ølve/Hatlestrand i Kvinnherad. Eininga har politistasjonar i Kvam, Fusa og Tysnes.
Voss: Voss dekker kommunane Eidfjord, Ulvik, Voss og Vaksdal. Politistasjonen ligger på Voss. Me har ansvar for eit stort område med mange tettstader, mykje fjell og fleire viktige ferdselsårar mellom Oslo og Bergen.
Vest politidistrikt gjennomgår ei omorganisering og det kan bli endringar i politistasjonsdistrikta.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
GDE Hordaland består av flotte fjell og djupe fjordar. Her er friluftsmoglegheiter for alle, både sommar og vinter. Me ser etter deg som vil jobbe som generalist i dette området. Du synast, som oss, at det er spennande å kunne være både på patrulje, etterforske og ha ein forebyggande samtale, alt på same dag.
I tillegg har vår GDE karrieremoglegheiter innan m.a. etterforsking, UEH, redningsteneste, litt etter kva politistasjon du er tilsett ved.
Vi trenger deg som ynskjer å vere med på å skape stabilitet og kontinuitet i tenestene våre. Vi ser derfor spesielt etter deg som har kompetanse om staden og/eller har motivasjon for å vere over tid.
Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. Når du søker vil du få nokre obligatoriske spørsmål som du skal fylle ut. Der vil du også få høve til å velge einskilte politistasjoner du vil søke til eller eit "velg alle"-alternativ. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Apply on official site → View on Arbeidsplassen.no
| Norwegian | English |
|---|---|
| politiattest | police certificate (criminal record check) |
| kompetanse | competence / skills |
| fleksibel | flexible |
| vikariat | temporary cover (substitute) |
| erfaring | experience |
| intervju | interview |
| vitnemål | diploma / transcript |
| stilling | position / job |
| kunnskap | knowledge |
| turnus | rotating shift schedule |
| ansvar | responsibility |
| du har | you have |
| du er | you are |
| krav | requirements |
| søk | apply / search |
| cv | CV / résumé |
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.
Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland, Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland jobs, Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland Voss, jobs in Voss, Vest politidistrikt jobs, Sikkerhet og beredskap jobs Norway, stillinger Voss