Original text in Norwegian, as published by the employer.
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester er det ledig eit antall faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 med funksjon som operatør. Stillingane inneber turnusteneste.
Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for operative spesialfunksjonar, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerheit og beredskapskoordinering og Seksjon for felles tenestekontor.
Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet. Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og metode. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar.
Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter deg som evnar å prioritere, halde fokus og ta gode avgjerder under press. Du kommuniserer tydeleg, byggjer tillit og samarbeider godt med andre, samtidig som du arbeider sjølvstendig når situasjonen krev det. Du er løysingsorientert, har gode sosiale ferdigheiter og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Personleg eignaheit, motivasjon og potensial for utvikling vil vere avgjerande.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømande og utvida) må innhentast ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Ønskjelege kvalifikasjoner som vert vektlagt:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Apply on official site → View on Arbeidsplassen.no
| Norwegian | English |
|---|---|
| kvalifikasjoner | qualifications |
| politiattest | police certificate (criminal record check) |
| ansettelse | employment / hiring |
| kompetanse | competence / skills |
| erfaring | experience |
| intervju | interview |
| vitnemål | diploma / transcript |
| stilling | position / job |
| du har | you have |
| ledig | vacant |
| du er | you are |
| søk | apply / search |
| cv | CV / résumé |
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.
Politibetjent 3/2/1 operatør ved operasjonssentralen FOT, Politibetjent 3/2/1 operatør ved operasjonssentralen FOT jobs, Politibetjent 3/2/1 operatør ved operasjonssentralen FOT Bergen, jobs in Bergen, Vest politidistrikt jobs, Sikkerhet og beredskap jobs Norway, stillinger Bergen