Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste (FOT), er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som trafikkoordinator ved Seksjon for operative spesialfunksjonar (SEKOS), avsnitt for instruksjon, trafikk, sjø og drone.
Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Seksjon for operative spesialfunksjonar og Seksjon for felles tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.
Seksjon for operative spesialfunksjonar har tre avsnitt; avsnitt for UEH og instruksjon, avsnitt for instruksjon, trafikk, sjø og drone og avsnitt for hundeteneste.
Stillinga er stadsplassert i Godvik.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til auka trafikktryggleik i politidistriktet. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med andre og byggjer gode relasjonar. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, tek initiativ og evnar å omsetje planar og mål til konkrete resultat.
Vi legg òg vekt på at du er utviklingsorientert, har god gjennomføringsevne og trivst med både operative og koordinerande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
Funksjon som trafikkoordinator i distriktet med ansvar for planlegging og samordning av politiet sitt trafikksikringsarbeid
Køyreinstruktør samt andre instruksjonsoppgåver på SEKOS
Rapportering på politidistriktet sine leveransar innan trafikk
Saksbehandling av trafikksikrings- og reguleringssaker der politiet er høyringsinstans
Instrumentansvarleg for laserfartsmålar
Kontaktpunkt for ATK-senteret
Politidistriktet sin representant overfor interne og eksterne samarbeidspartnarar i trafikksikringsarbeidet
Patruljekøyring etter oppsett vaktplan
Andre oppgåver pålagde av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Vitnemål frå politiskule/politihøgskule
Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
Brei politioperativ erfaring
Brei erfaring frå politiets trafikksikringsarbeid
Gode kunnskapar om politidistriktet sitt plan- og instruksverk og styrande dokument
Gode datakunnskapar og god kjennskap til politiets data- og beredskapssystem
Minimum IP4 Godkjent
Godkjent som kjøreinstruktør eller villig til å bli det
God munnleg og skriftleg framføring
Det er også ønskjeleg med:
Kunnskap om HMS er ein fordel
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
Må kunne arbeide godt i team og ha evne til heilskapleg tenking og kreativ problemløysing
Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing både internt og eksternt
Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
Resultatorientert med god gjennomføringsevne og evne til å finne gode løysingar
Evne til å motivere og engasjere andre, samt bidra til god samhandling og eit godt arbeidsmiljø
Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag
Personleg egnethet og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kolleger
Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 frå 820 000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info) Bedriftshelseteneste
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-06 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
fast stilling
permanent position
politiattest
police certificate (criminal record check)
kompetanse
competence / skills
erfaring
experience
intervju
interview
bachelor
bachelor's degree
vitnemål
diploma / transcript
kunnskap
knowledge
ansvar
responsibility
du har
you have
ledig
vacant
du er
you are
hms
HSE (health, safety and environment)
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Trafikkoordinator, Trafikkoordinator jobs, Trafikkoordinator Bergen, jobs in Bergen, Vest politidistrikt jobs, Sikkerhet og beredskap jobs Norway, stillinger Bergen